Norges høgste motbakkeløp – og ned att. To løp med forskjellig høgdeforskjell og lengde. Ei helg fylt av opplevingar for store og små basert på det bygda har å by på.

@2021 – 1851 OppNed Norddal All Rights Reserved.

top
Image Alt

1851OppNed Norddal arrangerast også i 2020!

  /    /  1851OppNed Norddal arrangerast også i 2020!

1851OppNed Norddal arrangerast også i 2020!

18.juli er det klart for fjelløp i Norddal for fjerde gong. Som i fjor er det to konkurranseklasser, ein mosjonsklasse og familieklasse.

Konkurranseklassene startar nede i bygda og følgjer kvarandre til Daurmålsfjellet 805 m.o.h, som er vendepunktet i den kortaste klassen. Den lengste klassen fortsetter til toppen av Torvløysa på 1851 m.o.h. Nedturen blir ein opptur tilbake til målgang i bygda.

I tillegg arrangerast mosjon- og familieklasse med start frå Rellingsetra. Destinasjonen her er også Torvløysa eller Daurmålsfjellet. Den kortaste turen til Daurmålsfjellet er godt eigna for familiar!

Vi nyttar racetracker sitt påmeldings- og tidtakingssystem for å halde kontroll på alle deltakarane, som for augeblikket er avgrensa til 200 deltakarar. Konkurranseklassene nyttar tidtakingschip på foten. Allepåmeldte må innom sekretariatet i bygda før start for registrering og tildeling av startnummer.

I bygda og på fjellet er det rikeleg med plass for å halde avstandskrava satt av folkehelseinstituttet.