Norges høgste motbakkeløp – og ned att. To løp med forskjellig høgdeforskjell og lengde. Ei helg fylt av opplevingar for store og små basert på det bygda har å by på.

@2021 – 1851 OppNed Norddal All Rights Reserved.

top
Image Alt

Utstyr & Sikkerheit

  /  Utstyr & Sikkerheit
1851 OppNed Norddal

Utstyr

Det er ingen vektkrav på utstyret i konkurranseklassene, men alle må ha med litt drikke, mobiltelefon, vindtette jakke og buff. For mosjonistane gjeld det samme, men dei må gjerne ha med meir mat, drikke og klede då dei truleg skal vere ute lengre. Planlegg i forkant og følg med på værmeldinga. Forholda kan endre seg undervegs, og temperaturen kan bli lav i høgda.

Fjellvettreglane

Legg ikkje ut på langtur utan trening.

Meld frå kvar du går.

Vis respekt for vêret og vêrmeldinga.

Ver rusta mot uvêr og kulde sjølv på korte turar.

Ta alltid med ryggsekk og det utstyret som fjellet krev.

Lytt til erfarne fjellfolk.

Bruk kart og kompass.

Gå ikkje aleine.

Vend i tide. Det er ingen skam å snu.

Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om nødvendig.

1851 OppNed Norddal

Ansvar

Alle deltek på eige ansvar, og må følgje sikkerhetsopplegget til arrangøren og fjellvettreglane. Dersom det oppstår nødsituasjoner plikter ein å hjelpe til etter beste evne og å rette seg etter instruksar frå arrangøren. Ved behov for akutt hjelp skal medisinsk nødnummer 113 varslast.
Røde Kors vil vere til stades i løypa. Om værfolholda er dårlege( for eksempel tåke eller snø) tillet arrangøren seg å korte ned traseen.

18851 OppNed Norddal

Fysiske krav

God fysisk form, kondisjon, utholdenhet og ansvarlig vurderingsevne i fjellet
er nødvendig. Dersom ein må avbryte løpet skal dette meldast til arrangør.

Traséen

Løparane pliktar å følge oppmerka løype.
Løypa er merka med raude og kvite merkeband.

Makstid

Arrangøren har rett til å be deltakarar
snu på Breiløyfta etter kl 14:30.