Norges høgste motbakkeløp – og ned att. To løp med forskjellig høgdeforskjell og lengde. Ei helg fylt av opplevingar for store og små basert på det bygda har å by på.

@2021 – 1851 OppNed Norddal All Rights Reserved.

top
Image Alt

Traseen

  /  Traseen
1
2
3
4
1
2
3
4

Melchiorgarden

Start

Rellingsetra

570 moh

Nonsdalen

950 moh

Middagshesten

1382 moh

Traseen

Konkurranseklassene startar i Melchiorgarden og endar same plass. Første kilometeren over elva, forbi Petrines Gjestgiveri og opp til barnehagen er asfaltert og relativt flat.

Her tek ein til venstre gjennom eit le og følgjer gamlevegen i ei relativt tung oppstigning mot Rellingsætra. Etter 2,8km og 300moh, kryssar ein den kommunale vegen og held fram 4,2km mot Rellingsætra på 570moh.

Etter saftstasjon på Rellingsætra held ein fram på Sætrevegen forbi sela til ein ser skihytta på Selhaugen. Derifrå tek ein til venstre inn på råsa som går oppover den gamle slalombakken. Her blir det såleis litt brattare til om lag 700moh. Råsa går vidare i litt lettare terreng i fin bjørkeskog, og vidare opp til Nonsdalen, ca. 950moh. Her går den siste elva ein kan fylle vatn i, men då må ein gå litt bort frå råsa.

Råsa svingar brått til venstre, og her har løypa sitt nest-brattaste parti som går opp til eit platå på 1200moh. Oppe på dette platået går den kortaste løypa over ei flate mot foten av Middagshesten. Den lengste løypa svingar til høgre og ein kan sikte mot den øvste tua med varde på, innunder Skorene. Det går slakt oppover i starten, og brattare opp den siste egga, forbi breen opp til løypa sitt høgaste punkt på 1500moh. Høgda blir kalla både Små-Skorene og Øvste-Tua.

Retur ned att egga, så rundar ein breen, og siktar seg inn på foten av Middagshesten, og her vil ein kome inn att på same traseen som kort løype. Frå 1200moh går det delvis i kliving opp mosekledde bergknausar og opp eit skar, før ein kjem opp på ryggen på Middagshesten. Ein passerer det høgaste punktet på 1382moh og føl ryggen nedetter mot nord. Fint utsyn mot Norddalsfjorden på vegen, før ein svingar til venstre og ned på platået på 1200moh.

Etter ei lita flate, kjem ein inn att på den same traseen ein kom opp på, og herifrå er det kjent veg heilt ned att til Norddal og til målgang i Melchiorgarden.

 

Tilleggsinformasjon:

Kort løype: 16 km, 1400 høgdemeter

Lang løype: 19 km, 1650 høgdemeter